– Vi minnar trafikantane om at det har kome snø på alle fjellovergangane i Sør-Noreg, og det er berre vinterdekk som er eigna for køyring der, opplyser vegtrafikksentralen i Statens vegvesen torsdag morgon.
Status klokka 10.00:
• Rv15 mellom Skjåk og Stryn er open for trafikk.
• Fv55 Sognefjellet er stengt for trafikk grunna uvêr. Ny vurdering torsdag klokka 12.
• Fv51 Valdresflye er stengt på grunn av fortsatt sterk vind og lite sikt. Ny vurdering torsdag klokka 17.
• Fv63 Geirangervegen er stengt for trafikk grunna vanskelege køyreforhold. Ny vurdering fredag klokka 13.
Slik såg det ut på fjellovergangane i vårt distrikt rett før klokka 8 torsdag morgon: