Ute i uvêr med regn, snø og vind: – Det vart nokre timars arbeid

foto
Even Sveen Maskinservice har ansvaret for brøyting og strøing av om lag 85 kilometer kommunale vegar i Vågå. Nå er det andre vinteren Even Sveen har entreprisen. Kontrakten er på fem år. Det er langt imellom at Sveen og hans mannskap har hatt det så travelt som dei siste dagane. Da gjekk både motoren og sjåføren varm. Foto: Arve Danielsen