For åttande gong inviterte Skårvangen og Skogbygda Grendalag til grendafestivalen Finnasus i Skogbygda og i Finndalen.
Andesleppet i Finndalen er ein svært populær post på festivalprogrammet, og mange hundre personar møtte fram sundag for å få med seg årets andeslepp. Både før og under Finnasus blir det seld «and-delar». Betaler ein hundre kroner får ein eitt nummer på ei plastikkand og er med i kampen om flotte premiar.
I fjor vart det seld 504 «and-delar» som vart sleppt ved Odden. Sundag ettermiddag vart det sleppt 712 gule plastikkender i Finndalen. Så populært har «and-del»-salet vore i år, at arrangørane i mangel på nok badeender måtte over på «reserveløysing» til slutt, nemleg å skrive to nummer på enkelte av endene. 748 nummer vart seld i år, og det var knytt stor spenning til dei gule endene som kom seglande nedover mot Odden i Finndalen sundag. På eigarane av dei 11 fyrste endene som kom i mål etter nokre hundre meters ferd, vanka det premie. Den gjevaste premien var ein elektrisk sykkel til ein verdi av nesten 15.000 kroner. Gassgrill, tur med Gjendebåten, middag, trøtraktor og lammeslakt var elles blant premiane.
Finnasus Grendafestival starta fredag ettermiddag med «Farmen»-inspirert fest for ungar med mellom anna sleggekonkurranse, putekrig, barneriding og grilling.
Laurdag heldt festivalen i Skogbygda fram med offisiell opning, open skytehall, utstilling av teikningar og maleri gjort av folk frå grenda, sal av gamle bøker frå Skårvangen og Skogbygda skule, open «skulstugu», rutsjebane, grilling og fotballturneringa «Finnasus Grendacup». Laurdag kveld var det konsert med Reidar Svare og fest i grendehuset.
Skårvangen og Skogbygda Grendalag er svært tilfredse med årets festival. Mykje folk, god stemning og flott vêr prega årets Finnasus.
Sjå bildekarusell øvst i saka.