Da formannskapet hadde saka til behandling førre veke, vart det fleirtal for innstrammingane rådmannen hadde lagt opp til, mot Ap sine røyster. I kommunestyrebehandlinga torsdag kveld, hadde Sp funne pengar til å oppretthalde noko av det dei gjekk inn for å fjerne i formannskapsmøtet.
Edel Kveen (Sp) la fram forslag om at barnehagane skal vera stengt tre veker om sommaren og ikkje fire. Syskenmoderasjon på 30 prosent for born nummer to og fri plass for born nummer tre blir oppretthalde. Sp hadde i tillegg funne pengar til å behalde maten i dei to barnehagane som allereie har denne ordninga. Dei resterande innstrammingane gjekk Sp inn for.
– Vi har funne pengane til det vi går inn for å oppretthalde: 20.000 kroner frå vedlikehald bygg, 40.000 kroner i lagerhusleige, som vi vil seie opp, 10.000 kroner som eit resultat av ulike abonnement vi også vil seie opp - og til slutt 12.000 kroner i telefongodtgjersle som ordføraren seier han ikkje treng. Til saman blir det 82.000 kroner, opplyste Kveen.
Bernt Joachim Dahl (Ap) var soleklår da han slo fast at dei ikkje vil gå inn for kutt i barnehagane i det heile tatt.
– Desse kuttforslaga er ein konsekvens av prioriteringar som er gjort tidlegare, som vi i Ap har røysta mot. Nye bygg blir prioritert framfor stillingar i skule og barnehagar. Dersom det skal kuttast som følgje av politikken som blir køyrt, må vi byrje ein heilt anna plass enn i barnehagane, sa Dahl. Han la fram forslag om å oppretthalde vedtektene i barnehagane slik dei er per nå, men fekk ikkje gjennomslag. Sp røysta for sitt eige forslag til vedtak, og vann derfor fram med 13 mot 8 røyster.
Les meir frå debatten i papiravisa.