Det var ved ni-tida måndag føremiddag at kommunehuset i Mo'om vart stengt på grunn av luftforureining og dei tilsette måtte forlate bygget.

Kommunalsjef Pål Inge Sanden fortel at det i samband med arbeidet med å opne eit avlaupsrøyr, vart brukt kjemikalie som gav gass.

– Lukta frå denne gjorde at det ikkje var råd å vere på huset. Lukta var ubehageleg. Vi veit ikkje om den er farleg, men vi tok ingen sjansar på dette og stengte huset ut dagen, seier Sanden.

– Kommunehuset blir opna att i morgon tidleg?

– Eg ser ingen grunn til at det ikkje skulle bli det, seier Pål Inge Sanden.

Ein lapp på døra fortel at kommunehuset er stengt. Foto: ARVE DANIELSEN