Gerd Mona Risheim vanst det akkurat. På slaget klokka 17 putta ho stemmesedlane i urna, og var med det den siste i Lom som avgav stemme ved valet i 2015.

I Lom er dei nå godt i gang med opptellinga, medan røystelokala i Vågå og Skjåk er opne til klokka 18.

Sperrefrist for offentleggjering av valresultata er klokka 21 måndag kveld.