Klimaparken ved Juvashytta har hatt ubedne gjestar på besøk i istunnelen.
Dette har skjedd i perioden frå laurdag 17. september til det vart oppdaga tysdag 20. september.
Klimaparken skriv på si Facebook-side at det er stole projektor, omformar og CD-spelar.
Politiet i Ottadalen ynskjer tips i saka.
I Dumdalsgrottene har ein eller fleire bora inn boltar i grotte G9.
I følgje politiet er det bora inn fire boltar. Det heng og att tau. Dette er brot på verneforskriftene, og politiet ynskjer ein prat med dei som har gjort dette.