Laurdag var påskeberedskapen på plass i fjellredningsstasjonen i Lom. Og alt fungerer som det skal.

Allereie fyrste døgnet var mannskap frå hjelpekorpsa ute på leiteaksjon.

Ein far og hans to mindreårige døtre som var meldt sakna i Jotunheimen vart sundag føremiddag funne i god behald i teltet sitt tre kilometer frå Olavsbu. Dei vart funne av patruljar med snøskuter frå Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps og Skjåk Røde Kors Hjelpekorps.

Leiar i Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps, Tåsten Nordal, fortel at det i påska vil vere 70 døgnvakter på stasjonen. I tillegg til Lom og Bøverdalen RKH, deltek også Skjåk RKH i påskeberedskapen.

Totalt seks personar frå hjelpekorpsa vil til kvar tid vere stasjonert i Lom. Fire av desse utgjer to patruljar på snøskuter.

Elles består beredskapen av lavinehundar frå Norske redningshundar, Skredgruppe Innlandet og helikopter frå Nord Helikopter.

Fjellredningssentralen i Lom vart etablert i 1977 med helikopter og redningshund. Base dei fyrste åra var blant anna på Fossheim turisthotell. I 1986 vart det bygd ein eigen stasjon for brannvesen og Lom og Bøverdalen hjelpekorps.