Ulykka skjedde på Rv15 ved Ofossen Mølle, aust for Bismo i Skjåk. Politiet fekk meldinga om ulykka klokka 12.30 laurdag.

I fylgje politiets operasjonssentral var to bilar med til saman ti personar involvert i ulykka. Den eine av bilane var ein vanleg personbil, medan den andre bilen var ein større bil med plass til åtte personar.

Operasjonsleiaren i Gudbrandsdal politidistrikt fortel at båe bilane var på veg vestover på Rv15. Ved Ofossen Mølle skulle den største bilen, som køyrde fremst, svinge av til venstre, noko bilen som kom bak ikkje fekk med seg. Den bakarste bilen tok føre seg ei forbikøyring og kolliderte i sida på den fremste bilen som skulle svinge av vegen.

Politiet opplyser at to personar vart lettare skadd i ulykka, og at dei vart tekne hand om av helsepersonell på staden.

Brannmannskap, politi og helsepersonell var raskt på plass på ulykkesstaden laurdag.