Sjølv om vinteren fleire stader enno ikkje har sleppt taket, er sesongen for gras- og lyngbrannar i gang i delar av Sør-Noreg.

– Med aukande brannfare i skog og mark er det viktig at folk respekterer det generelle bålforbodet, seier administrerande direktør Dagfinn Kalheim i Norsk brannvernforeining i ei pressemelding.

Det generelle bålforbodet gjeld frå 15. april til 15. september.

For å unngå unødig travle tider for landets brannvesen, ber Kalheim folk opptre forsiktig ved bråtebrenning og unngå bruk av open eld i skog og skogmark.

Uforsiktig omgang med eld, som til dømes bålbrenning og grilling, er den hyppigaste årsaka til brannar i skog og mark. Så mange som ni av ti skogbrannar skuldast menneskeleg aktivitet. Andre årsaker er gneistar frå jernbane og lynnedslag.

– På denne tida av året skal det ofte ikkje meir enn ein liten gneist eller ei sigarettglo til for å tenne på gamalt gras, planterestar og kvistar som ligg på bakken, understrekar Kalheim.