Vegen mellom Skjåk og Geiranger vart opna etter vinterstenging sist onsdag.

Da det gjekk eit mindre skred sundag ettermiddag tok dei vegfarande som hadde kome fram til raset, saken i eigne hender.

Dei grov seg gjennom.

Etter det Fjuken kjenner til var det mannskap frå Møre og Romsdal som skulle koma og få opp att vegen, medan det truleg hadde vore kjappare å få ut folk frå Skjåk.

Da dette vart kjent tok fleire snøspadene i eigne hender, for å koma seg gjennom - noko ekspertane ikkje er like glade for.

– Nå kjenner ikkje eg denne saka på noko vis, seier seksjonssjef for drift og vedlikehald, Asbjørn Stensrud, i Statens vegvesen region øst. Men, det er uansett forbunde med stor fare å gå inn i eit ras eller eit rasutsett område som ikkje er vurdert av geolog, seier han. Ein må respektere både stenging og faren for at det kan gå nye ras, seier Stensrud.

– Har det fyrst gått eit naturleg utløyst skred kan det like godt koma eit til. Her vart vel all sunn fornuft avløyst av eit stramt tidsskjema, seier Kai Rune Kveen i Skredgruppe Innlandet.

Vegen vart, av Statens vegvesen, vurdert som trygg og opna litt seinare.