I løpet av fyrste halvår av 2023 har totalt 6.071 personer vorte anmeldt for ruspåverka køyring i Noreg. Det er ein oppgang frå 5.625 i fjor. I Innlandet politidistrikt er 516 anmeldt. Det er ein oppgang frå 461 i same periode i fjor.

Berre tre politidistrikt har hatt nedgang.

– Vi veit at mange aldri blir tekne. Vi skal derfor vera glade for kvar einaste ein som politiet stansar i Innlandet. Utviklinga kan indikere at politiet har hatt fleire ressursar tilgjengeleg til å gjera eit større innhogg i mørketala, seier kommunikasjonsrådgjevar i MA, Nils Erik Gyland.

Undersøkingar viser nemleg at det dagleg er 140.000 køyreturar i Noreg av ruspåverka førarar. Fungerande UP-sjef Olav Markussen seier derfor dette er eit prioriteringsområde for UP.

– Mørketala er store, så vi avdekker kun ein liten del. Køyring i ruspåverka tilstand er ein av hovudårsakene til dei alvorlege ulykkene langs vegane, så det er derfor eit prioritert kontrollområde for oss. Dei siste åra har vi teke i bruk fleire spyttestarar og vi har stadig høgt fokus på ruskøyring. Det kan vera noko av årsakene til høgare tal, seier han.

Tala viser også at dei i alderen 25-44 år dominerer statistikken.

(Pressemelkding)