Ekstremvêret «Hans» byr på utfordringar også for Fjuken si papirutgåve.

Vekas papirutgåve - som er den fyrste etter to veker sommarferie - blir trykt til vanleg tid onsdag, men blir ikkje sendt med bil frå trykkeriet i Ålesund onsdag kveld som normalt.

Dette skuldast rett og slett at vegnettet er stengt ein rekkje stader - både i Ottadalen og elles.

Fjuken si papirutgåve vil difor ikkje koma i postkassa til abonnentane i Skjåk, Lom, Vågå og andre stader før vegnettet er ope att.

Fjuken si eAvis, som er ei digital utgåve av heile papiravisa, blir tilgjengeleg på nettet seint onsdag kveld, som vanleg.