I den regionale planstrategien for Oppland fylkeskommune er det vedteke at det skal utarbeidast ein plan for sentrumsstruktur og handel. Målet med planen er at Oppland skal ha ein sentrumsstruktur som bidreg til å gjera fylket meir attraktivt i vid forstand. Eitt av hovudelementa er å avgrense sentrumsutstrekning og lokalisering av handel. Planen foreslår ein struktur med fem regionale senter og 15 områdesenter. Bismo er ikkje med i nokor av gruppene.

– Vi kan ikkje ha tettstadutvikling alle stader. Vi skal ha det der det er naturleg. Kommunane står fritt til å satse på sine kommunesenter, heiter det i planen.

Formannskapet i Skjåk får saka til behandling fyrstkomande tysdag. I innstillinga frå rådmannen heiter det at ein tek til etterretning at Bismo ikkje er teke med som tettstad i planen, men at det er viktig at planen ikkje resulterer i at Bismo landar langt nede på prioriteringslista når Skjåk søkjer om tilskot til sentrumsutvikling. Skjåk må heller ikkje bli nedprioritert når det gjeld bygging av gang- og sykkelvegar som følgje av planen. Rådmannen peikar òg på at det er ein vesentleg mangel at det i planen ikkje er teke omsyn til kva kommunereforma vil seie for utvikling av byar og tettstader i Oppland.