Fjuken er nå på Snapchat med brukarnamnet «fjukenavis». Snapchat er ein mobilapplikasjon for deling av bilde og video. På Snapchat vil vi som jobbar i Fjuken med jamne mellomrom leggje ut foto og levande bilde frå kvardagen i redaksjonen og ute på ulike oppdrag.

Snapchat-profilen til Fjuken vart oppretta torsdag denne veka, og allereie nå har vi fått mange fylgjarar.

Har du Snapchat og ynskjer å fylgje aviskvardagen vår i Fjuken, kan du leggje til «fjukenavis». Du kan også ta bilde av snap-spøkelset som ligg under teksta i denne artikkelen.

Fylg oss gjerne også på Facebook – slik over 5.000 andre personar gjer!