Ingen personar kom til skade da sjåføren av ein personbil køyrde i autovernet i møte med ein semitrailer på riksveg 15 ved Tessand sundag.

Semitraileren hadde kome køyrande midt i vegen og sjåføren av personbilen la seg inntil autovernet for å unngå kollisjon.

Operasjonssentralen ved Gudbrandsdal politidistrikt fekk melding om hendinga via ein tredjeperson cirka klokka 12.45. Ei politipatrulje stoppa semitraileren på Kvam 14.20.

Sjåføren frå Estland la seg heilt flat for politiet og tok på seg skulda. Politipatruljen tok personalia av sjåføren. I følgje operasjonsleiar var det kort veg til beslag av førarkort.

Sjåføren av personbilen var ei lokal kvinne. Ho kom uskadd frå hendinga, men bilen hennar fekk skader på sida etter møtet med autovernet.