Avtala om bygging og drift av det nye servicebygget «Flye 1389» langs Nasjonal turistveg Valdresflye er nå underteikna. Det fortel Per Ritzler, pressekontakt i Nasjonale turistveger.

Det nye turistveganlegget har ei økonomisk ramme på 24,5 millionar kroner der Oppland fylkeskommune bidreg med 12,5 millionar, Øystre Slidre kommune med 3 millionar og Statens vegvesen med 9 millionar kroner.

Servicebygget har eit areal på cirka 220 kvadratmeter, og skal innehalde fem toalettanlegg, eit lite kjøkken samt ei varmestue med sitjeplassar for inntil 50 personar. Det nye anlegget vil gje parkering for nærare 70 personbilar og 1-2 bussar.

Godkjent reguleringsplan og skisseprosjekt frå Hjeltnes arkitekter AS er nå utgangspunkt for vidare planlegging. Den gamle Vandrarheimen er løyst inn og vil etter kvart bli rive for å gje plass til det nye servicebygget. Statens vegvesen er byggherre.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, er det forslag om å løyve 175 millionar kroner til Nasjonale turistveger i 2016.

Ved inngangen til 2016 er 137 av i alt 245 tiltak gjennomført. Målet er at Nasjonale turistveger skal vere fullført innan 2023. I dette ligg også ikonpunktet ved Gjende.

Gjendeosen er eitt av tiltaka til Nasjonale turistveger. Foto: ARVE DANIELSEN