Det er politiet som sender ut test av naudvarsel til millionar av mobiltelefonar i Noreg. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøva onsdag 14. juni blir gjort cirka klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal. Nokre nettbrett og smartklokkar vil også kunne vise naudvarslar.

Ei så omfattande varslingsprøve vil bli høyrd godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spela av lyd samtidig.

– Del difor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine nærmaste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test, oppmodar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som befinn seg i Noreg, og som er kopla på 4G/5G.

Dette skjer når naudvarselet blir testa onsdag:

  • Testen blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10

  • Når du mottek testen vibrerer telefonen og spelar av ein høg sireneaktig lyd i cirka 10 sekund

  • Ei tekst på norsk og engelsk dukkar opp på skjermen. I teksta står det at dette berre er ein test

  • Varselet kan «dragast» vekk eller fjernast ved å trykke «ok». Dette avheng av kva type telefon og operativsystem ein har

Dersom du ikkje ynskjer å motta testen, må du setja telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 14. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

DSB opplyser at naudvarsel på mobil blir testa både for å gjera befolkninga kjent med korleis det opplevast å få eit naudvarsel, og for å sikre at systemet fungerer som det skal.

– I ein reell situasjon inneheld eit naudvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjera for å beskytte deg sjølv, melder DSB.

Naudvarsel legg seg i varslingssenteret på mobiltelefonen, og kan også lesast på nettsida nødvarsel.no.