Hjelpekorpsmannskap frå Lom og Skjåk, redningshundar, politi, ambulanse og truleg også luftambulanse vil vera i aksjon under øvinga.

Øvinga går ut på at det skal ha gått eit snøskred i området ved Grotli og at dette skal gjennomsøkjast.

For dei som måtte sjå utrykkingskøyretøy og anna større aktivitet vest i Skjåk:

Dette er altså ei øving og ikkje ei reell hending.

Vidar Vange i Skjåk Røde Kors hjelpekorps håpar og trur at dette vil vera ei tenleg oppdatering og trening for mannskapa nå rett før påske.