Sommaren er definitivt over.

Natt til sundag startar vintertida og da er det tid for å stille klokka att.

Hugseregelen når det kjem til stilling av klokka, er at ein heile tida skal stille ho mot nærmaste sommar. Altså skal klokka stillast ein time fram om våren og ein time attende om hausten.

Vintertida startar klokka 03.00 natt til sundag 29. oktober. Da skal klokka stillast ein time attende, til klokka 02.00.

Neste gong klokka skal stillast er natt til sundag 31. mars 2024. Da går vi over frå vintertid til sommartid att.