Den 18. juli vart det oppdaga at vegbommen på den gamle anleggsvegen til Bukkebotn frå Nyhussetra i Høydalen var broten opp.

Bommen tilhøyrer Breheimen nasjonalparkstyre. Vegen er stengd for køyring – utan løyve.

Den gamle anleggsvegen ligg i Høydalen landskapsvernområde.

Politioverbetjent Tor Trønnes fortel at det er brukt grov reiskap for å bryte opp bommen.

Politiet meiner det er brukt grov reiskap for å bryte opp bommen. Foto: Politiet

– Det er utøvd skadeverk på vegbommen. Om det også dreier seg om ulovleg motorferdsel er usikkert. Vi har ikkje fått opplysingar om at det er køyrt innover, seier Trønnes.

Han seier at politiet er interessert om nokon har opplysingar om saka.