18. august blir det vaksinasjonsdag for dei som er 65 år eller eldre i Lom.

Alle personar som er 65 år eller eldre er nå tilrådd å ta ei oppfriskingsdose av koronavaksinen. Dette gjeld sjølv om ein har gjennomgått koronasjukdom etter førre vaksinedose.

Det bør ha gått minst tre veker sidan ein eventuelt har hatt koronavirus, og minst fire månadar sidan førre vaksinedose.

Ein må ta kontakt med helsesenteret eller legekontoret i Lom for å bestille time for vaksinasjon.