Kommunebesøket starta på Lom folkebibliotek. Her fikk ein høyre om utvikling og satsing ved biblioteket.

– Eg er glad for at vi møttest i eit bibliotek, eitt av mine favorittrom, sa statsforvaltar Knut Storberget.

Biblioteket har mange funksjonar, også som samlingspunkt for fleire av våre nye landsmenn.

– Det er stas å koma til Lom, sa Storberget. Det vi har opplevd dei fire siste åra er ein kommune som er framme i skorne. Vil takke for innsatsen som Lom har bidrege til i tida som har vore. For oss er det ein god skule å sjå korleis Innlandet er, kva som skjer og kvar skoa eventuelt trykker, og ikkje minst – bli kjent med kvarandre, fortsette Storberget.

Bibliotekarsjef Rita Mundal ynskte velkomen til biblioteket som vart kåra til årets bibliotek i 2013. Biblioteket har lege på topp på besøk og utlån per innbyggjar og det vart nummer åtte på den nasjonale kulturindeksen i år.

Når alle andre må halde seg inne på grunn av uvêr eller anna må heimetenesta ut. Kari Hesthagen og Ingebjørg Runningen, som båe arbeider i tenesta viste noko av kvardagen sin.

Dei fortalde at heimesjukepleia i Lom er ein god arbeidsplass med 26 tilsette.

– Vi kjem bort i mange folk, der dei bur. Utfordringa er at det er fleire eldre som bur heime, dei blir eldre og sjukare og har ofte ikkje pårørande. HeImetenesta blir også på ein måte pårørande og tek på seg oppgåver som ikkje ligg i deira arbeidsområde - som å handle, bera ved, brøyte med meir. Tenesta har gode prosedyrer, stort område med vegar der det er fare for ras og flom.

Statsforvaltaren besøkte også ungdomsklubben og Norsk Fjellsenter.

Dagleg leiar Erlend Borgen ved Nasjonalt Kompetansesenter for Fjellredning orienterte om senteret.

Hovudoppgåva er å gje kunnskap som reddar liv. Dei leverer kunnskap lokalt, regionalt og nasjonalt. Senteret er fortsatt i ein etableringsfase, og forskar mellom anna på snøskred og klimaendringar. Kunnskap som er svært etterspurt.

Besøket i Lom vart avslutta med Visit Jotunheimen.

(Saka er basert på ein artikkel publisert hjå Statsforvaltaren i Innlandet)

Kari Hesthagen og Ingebjørg Runningen arbeider båe i heimetenesta i Lom. Foto: Lisbeth B. Huse/Statsforvaltaren