Det skriv Helsenorge på nettsida si, og åtvarar folk mot svindel.

– Det blir dessverre sendt ut SMS og e-post frå kjelder som utgjev seg for å vera Helsenorge, men som er forsøk på svindel. Vi har ingen «Logg inn»-lenkje i meldingane vi sender ut. Vi sender heller ikkje lenkjer uoppfordra i e-post eller SMS, skriv Helsenorge.

Målet med dei falske e-postane er å lure til seg sensitiv informasjon og pengar.

– For å vera trygg, logg deg alltid inn via Helsenorge-appen eller helsenorge.no. Den beste beskyttelsen du har mot svindel er at du aldri gjev frå deg sensitive opplysningar uten å vera logga inn med BankID eller annan trygg pålogging på helsenorge.no eller Helsenorge-appen. Når du har logga inn kan du trygt bruke lenkjer som er motteke i meldingar som ligg i innboksen din hjå oss, skriv Helsenorge, som ser alvorleg på svindelforsøk og har politimeldt fleire av tilfella.