I fyrste omgang vil tenesta kunne brukast berre på Posten og Vinmonopolet, men truleg vil fleire verksemder ta i bruk den nye løysinga etter kvart, som til dømes bibliotek, kino, konsert-arenaer, daglegvarebutikkar og hotell.

Alle som treng å sikre kundens identitet eller gjennomføre ein alderskontroll, kan ta i bruk tenesta.

Digital ID vart teke i bruk måndag denne veka. Tenesta er utvikla av betalingssystemet BankID BankAxept, i samarbeid med Posten.

Alt du treng for å koma i gang med Digital ID, er eit gyldig norsk pass eller nasjonalt ID-kort, og ein smarttelefon med ein BankID-app som er aktivert. Inne i appen trykkjer ein på aktiveringsknappen på heimskjermen for å skanne og lagre den fysiske legitimasjonen i appen.

Mange gløymer legitimasjon når dei skal ut og handle, og dei som ikkje har førarkort må bruke pass, sidan bankkort ikkje lenger har bilde. Det å bera passet med seg til dagleg, medfører auka risiko for tap og ID-svindel.

– 4,5 millionar nordmenn har BankID, og fleirtalet brukar nå BankID-appen. Med ID-kort i BankID-appen løyser vi eit stort samfunnsproblem og bidreg til eit tryggare og meir knirkefritt samfunn for alle som må legitimere seg, seier produktsjef i BankID BankAxept, Mads Pedersen, i ei pressemelding.

For å bruke Digital ID i Posten eller på Vinmonopolet opnar ein BankID-appen og trykkjer på «Vis legitimasjon».

Deretter må ein, anten med Face ID, fingeravtrykk eller kode, godkjenne. Ei QR-kode vil så dukke opp på skjermen og er gyldig i 30 sekund. Denne blir skanna av betjeninga i kassa, som da vil få opp nødvendige data om deg, som til dømes bilde og alder.

Ingen data om deg vil bli lagra på kassa i butikken.

Inne i BankID-appen får du ei oversikt over kvar ID-kortet ditt er brukt, og kva data som har vorte vist.