– Når ein tenkjer på kor mange andre snikkarar som finst i Skjåk og nabokommunane, tykkjer eg at eg har vore heldig. Eg har meir enn nok å gjera, og hadde vel eigentleg ikkje trudd at det skulle bli slik, seier ein nøgd Hans Krogstad.

I oktober stifta skjåkværen enkeltmannsforetaket Krogstad Snekkertjenester, der 21-åringen tek på seg alt av små og større snikkartenester.

Hans Krogstad gjekk byggfag i Lom, og etter to år som lærling hjå Skjåk Bygg og Vedlikehold AS, avla han sommaren 2021 svennebrev innan tømrarfaget til meget bestått.

Den unge snikkaren tok svennebrev i tømrarfaget i 2021. Foto: Tom Erik Solstad

– Etter dette var eg i tvil på om eg skulle byrje for meg sjølv, eller om eg skulle arbeide i ei bedrift. Eg starta opp på anlegg, hjå Maskinholder Teigen AS. Da dreiv eg eitt år i Oslo og omland. Der vart det ein del grøfterøyr-legging, maskinkøyring og grunnarbeid med forskalling. Men det vart jælma hektisk å drive med vekependling når ein hadde mykje å pusle med heime attåt, seier Hans Krogstad, og legg til:

– Da eg var lærling var det eit par månader der eg kjende litt på at det var tungt å arbeide som snikkar. Det var difor eg ville prøve anlegg etter lærlingtida. Men det var da eg var på anlegg og hadde arbeidd der ei stund at eg skjønte at det heller måtte vera fint for meg å vera snikkar i Skjåk.

Han bestemde seg difor for å starte opp for seg sjølv, og etablerte Krogstad Snekkertjenester.

I desse dagar driv den sjølvstendige snikkaren med eit større restaureringsprosjekt på garden Øvre Brekk i Skjåk. Her blir han drivande ei god stund.

– Det er ein stor jobb, og eg reknar med at eg blir verande her til ut mars. Det å restaurere eit gamalt hus er ikkje som å byggje nytt. Etter at eg er ferdig på Øvre Brekk tek eg til på ei innvendig husrenovering. I sommar skal eg mellom anna byggje ei stor terrasse. Eg er fullbooka til etter sommaren, og nå ser det lovande ut for byrjinga av 2024 også, seier Hans Krogstad.

21-åringen i Skjåk trivst godt som sin eigen sjef. Foto: Tom Erik Solstad

Så langt er oppdraga han har fått berre i Skjåk.

– Det er fint det, men eg er ikkje framand for å ta på meg oppdrag andre stader også, seier Hans.

Sjølv om det å utvide bedrifta kan vera aktuelt på sikt, legg ikkje Hans Krogstad skjul på at han også trivst med å drive einsleg.

– Eg bestemmer alt sjølv, og har ansvaret berre for meg sjølv. Har eg ein tilsett, må eg vite at det er snikkaroppdrag til to personar og ikkje berre éin. Dessutan kan eg, når eg styrer sjølv, leggje ting til rette slik det passar meg. Mellom anna blir det fint å kunne setja av ei veke eller halvannan til slåtten heime, som eg er med på, seier Hans.

Etter kvart er planen at han også blir gardbrukar.

– Eg skal ta over garden heime etter kvart, når sjølvfolket ikkje vil drive lengre. Da, når eg blir gardbrukar, ser eg for meg at eg kan kombinere gardsdrifta med firmaet mitt, og ta på meg snekring når det passar seg, seier Hans.

Hans Krogstad har investert i ein del snikkarutstyr.

– Ein del handreiskap hadde eg frå før, frå da eg var lærling. Eg har også vore flink til å ynskje meg snikkarreiskap på bursdagane mine. Men noko har eg likevel måtte kjøpe, sjølvsagt. Nå byrjar det å bli ganske greitt med reiskap. Sjølvsagt er det litt irriterande å måtte kjøpe dyre stillas og nye, store sager, men ein kjem ikkje langt utan det om ein skal fylgje med i tida og få snikkaroppdrag. Ein kan ikkje drive med handsag heller. Den tida er forbi. Ein må berre investere i utstyr. Heldigvis er det mange år til neste gong, når ein fyrst har investert, seier den unge snikkaren.

Hans Krogstad har investert i ein del utstyr. I desse dagar har han restaureringsoppdrag på garden Øvre Brekk. Foto: Tom Erik Solstad

Sjølv om Hans Krogstad er fullbooka med snikkaroppdrag framover, er han likevel open for å ta på seg småoppdrag for folk på kveldstid, når det passar.

– Det er berre å ta kontakt, så skal det nok ordne seg dersom eg kan drive på kveldstid. Ein må halde på medan ein er ung og kan, smilar 21-åringen.