To sentrale personar i Skjåk gym og turngruppe fekk sin fortente heider under opninga av barneturnstemnet på Bismo stadion sundag.

Kirsti Kolsøe Morken og Gunnar Nilsen vart som dei aller fyrste utnemnd til æresmedlemmar i Skjåk idrettslag for sin innsats i turngruppa. Det var formann Helge de Presno som stod for utnemninga.

Men det var ikkje slutt med det.

Krinsleiar Anders Nyhuus i Oppland krins av Norges Gymnastikk- og Turnforbund heidra dei to eldsjelene med krinsen si fortenestemedalje i sølv og gull for deira innsats for turnsporten.

Kirsti Kolsøe Morken fekk fortenestemedalje i sølv og Gunnar Nilsen fekk fortenestemedalje i gull.

Totalt 458 turnarar frå 16 klubbar deltok under det store turnstemnet i Skjåk denne helga.

Det kjem meir frå turnstemnet i papiravisa torsdag.

Stemnet markerte 125-årsjubileet til Norges Gymnastikk- og Turnforbund med felles oppvisning. Foto: Arve Danielsen