Julegrana oppi øygardom: I år er det 200 år sidan husmannssonen Peder Knudsen vart fødd her på Øvre Bakken i lia opp for Vågåmo. Det har vorte ein tradisjon å tenne julegrana på denne plassen, for å minnast og ære komponisten av ein av våre kjære julesongar. Fredag 13. desember inviterer Nuggebadarforeininga og kommunen til minnevandring frå Bakken til Fjølingsmoen. Og tradisjon tru; på vesle julekvelden samlast grendefolket rundt grana og syng «Jeg er så glad hver julekveld». Foto: Arve Danielsen

Husmannssonen som gav oss juletonen

I år er det 200 år sidan Peder Knudsen vart fødd. Han gav oss melodien til «Jeg er så glad hver julekveld», ein av våre mest kjære julesongar.