Kokkelærlingar frå Nord-Gudbrandsdalen fekk møte og høyre Renee Fagerhøi, den fyrste vinnaren av den norske utgåva av fjernsynskonkurransen Top Chef.

– Ver stolte og vis kjærleik til kokkefaget, sa Fagerhøi som neste år opnar sin eigen restaurant, Bula, i Trondheim.

Om lag 100 kokkar og representantar frå reiselivet var samla under konferansen Kokken og reiselivet i Lom førre veke.