Allereie onsdag kveld var dei fyrste tevlingane under Landskappleiken på Røros. Dansarar frå Vågå spel- og dansarlag stilte i lagdans junior.

Torsdag er det durspel senior der Øyvind Sandum, FolkOrg, og Mads Erik Odde frå Lom spel- og dansarlag, deltek.

I dans B stiller Ola Nesset og Mina Øihusom frå Vågå spel- og dansarlag, Ola Grøsland og Live Visdal frå Vågå spel- og dansarlag, Rune Hagen og Randi Krukhaug frå Mukampen spel- og dansarlag.

I dans fele C stiller Emma Bakke og Joakim Øyen Dagsgard frå Vågå spel- og dansarlag, Aashild Aasgaard og Gjermund Valde Sletten frå Vågå spel- og dansarlag.

Torsdag skal også veteranane i klasse Super D i elden. Her deltek Ola Grøsland frå Vågå spel- og dansarlag med vokal, Ivar Schjølberg frå Vågå spel- og dansarlag på fele, Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolv Bjørgan frå Sel og Otta spel- og dansarlag med parhalling, Rolv Bjørgan frå Sel og Otta spel- og dansarlag med halling.

I lagspel for junior deltek Vågå juniorspelmannslag.

Fredag stiller Mari Midtli frå Sel og Otta spel- og dansarlag i vokal B. I den yngste klassa, vokal C, stiller ikkje mindre enn fem jenter frå Lom. Dei fem er Iselin Aukrust, Ingebjørg Hammerdalen, Hanne Kjøk, Magnhild Moen Helland og Synne Kjøk.

Joakim Øyen Dagsgard frå Vågå spel- og dansarlag stiller i halling klasse C.

I lagdans senior stiller Vågå spel- og dansarlag med to lag, Skjåk spel- og dansarlag, Mukampen spel- og dansarlag.

Fredag er det også lagspel senior. Her stiller Mukampen spelmannslag, Lom spelmannslag, Eigentleg andre instrument senior og Vågå spelmannslag.

I spel fele C stiller fem jenter frå Lom og Vågå. Ragnhild Grøna frå Lom, Aashild Aasgaard frå Vågå. Iselin Aukrust frå Lom. Ragna Valde Sletten frå Vågå og Ingebjørg Hammerdalen frå Lom.

I gruppespel junior deltek Feltrultun frå Lom og Aashild og Ragna frå Vågå. I  gruppespel senior deltek Tufskrøkjun.

Laurdag er det A-klassene sin tur. I dans fele A stiller 15 par. Lokale par er Arne Ivar Blankenborg og Marianne Nesset frå Vågå spel- og dansarlag, Eva Rusten og Håkon Sandum frå Mukampen spel- og dansarlag, Øyvind Sandum frå Vågå spel- og dansarlag og Renate Nysted Tønnesen, FolkOrg, Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolv Bjørgan frå Sel og Otta spel- og dansarlag.

I spel fele A er det også 15 deltakarar. Her stiller Eirik Schjølberg frå Vågå spel- og dansarlag, Kari Grøsland frå Lom spel- og dansarlag, Roger Slåstuen frå Mukampen spel- og dansarlag og Torill Aasegg frå Mukampen.