Fredag og laurdag denne veka går «Storøyafestivalen» av stabelen på Storøya camping i Skjåk, og arrangør Ole Jonny Runningen har for fyrste gong berre lokale namn på artistlista.
Fredag spelar «Skato» og «LoMsk», og laurdag spelar «Skato», «Ruskåt» og «Rustic Band».
– Det er nok kanskje knytt størst forventning til «Rustic Band» laurdagskvelden, seier Runningen.
«Rustic Band» reiste rundt og spelte på 1980-talet. Repertoaret er stort sett det same nå som da, med låtar av mellom andre Creedence, Bellamy Brothers, Eagles, Dolly Parton, Tanya Tucker og Elvis, men medlemane i bandet fortel at dei også har drista seg ut på nyare materiale også.
Laurdag på dagtid blir det quiz på festivalområdet.
– Dette vart så populært i fjor at vi prøver att i år, fortel festivalarrangøren.
I fjor deltok om lag 70 personar på quizen på Storøya, og fleire lag har allereie meldt seg på årets quiz.
I tilfelle regn blir det i år scene, dansegolv og servering under tak på «Storøyafestivalen».
– Vi har leigd eit telt som er 30 meter langt og 12 meter breitt, så i år er ikkje veret noko unnskyldning for å ikkje kome på festival, seier Ole Jonny Runningen.
Han ber folk kjenne si besøkstid.
– Om publikum sviktar i år, blir dette siste gongen eg arrangerer festivalen, seier Runningen bestemt.
Han har dei siste åra slite med dårlege besøkstal, og da særleg fredagskvelden.
– I fjor var det berre 20 personar som kjøpte billett ved inngangen fredag, fortel Runningen.
Festivalarrangøren håpar at mange tek turen til Storøya både fredag og laurdag, og oppmodar særleg bygdefolket til å ta turen for å høyre på lokalmusikken.
– Alle hyttene på Storøya camping er fullbooka i helga, og det er også bestilt ein del plassar til både bussar og campingvogner, så det tyder nå bra, seier Runningen.
Gjennom festivalhelga har han med seg 20-25 personar til å hjelpe til med stort og smått på festivalområdet.