Operasjonssentralen ved Innlandet politidistrikt melder fredag morgon på Twitter at ei naudmelding har vorte utløyst ved Danskehytta nord for Grotli i Skjåk, og at det er sett i gang ein redningsaksjon.

I fylgje politiet er 13 personar frå Nederland på trugetur i området, og det er dette fylgjet som har sendt ut naudmelding via eit amerikansk satelittsystem.

– Personane har vore på tur sidan 21. februar, og har vandra i området mellom Grotli og Bjorli og oppsøkt ein del DNT-hytter, deriblant Danskehytta. Fredag morgon kom det inn ei naudmelding til Hovudredningssentralen frå Grønvatnet, seier operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt Atle B. Obstfelder.

Politiet veit ikkje kva som har skjedd, og om det er personskader.

Operasjonsleiaren fortel at Lom og Skjåk Røde Kors, samt Norske Redningshunder er kalla ut på redningoppdraget. Eit Sea King redningshelikopter har også prøvd å teke seg inn til området ved Grønvatnet, men måtte avbryte på grunn av dårleg vêrtilhøve.

– Vi håpar nå at Luftambulansen kan hjelpe oss, seier operasjonsleiaren.

Obsfelder fortel at det har kome 30 centimeter med snø i natt, og at det difor er svært utfordrande å ta seg inn til området. Skredfaren i området er av grad 3 på skredfareskalaen; betydeleg skredfare.

– Vi må sjølvsagt ivareta tryggleiken til redningsmannskapa, og det er eit svært utfordrande område, opplyser Atle B. Obstfelder.

Klokka 10.00 fredag skriv politiet på Twitter at det er utløyst fleire naudmeldingar frå det nederlandske fylgjet.

Fylgjande ressursar er i fylgje politiet med på redningsaksjonen på fjellet: 10 snøskuterpatruljer frå Røde Kors, 6 hundar frå Norske Redningshunder og 2 skredekspertar. I tillegg prøver eit Sea King-helikopter frå Ørlandet og Luftambulansen på Dombås å kome seg inn til området.

Foto: Google Maps