Sommar, sol og countryfestival. Stemninga er på topp på Skjåkøygarden i Nordberg.

Arrangørane får skryt frå deltakarane, og også politiet melder om god stemning så langt, når Fjuken har ein prat med dei laurdag føremiddag.

– Der oppi må det vera mykje snille folk, for det har ikkje vore ei einaste episode av noko slag, får vi høyre frå operasjonssentralen på Hamar.

Laurdag kveld held festen fram. Vêret ser ut til å halde seg, og vi får tru den gode stemninga også gjer det.