Politiet i Ottadalen gjennomførte måndag laserkontroll på riksveg 15 i Bismo.

Resultat frå kontrollen vart 22 kontrollerte og to førelegg for høg fart.

Høgste fart var 68 kilometer i timen i 50-sona. Dette gav 4.200 kroner i bot.

Den andre vart vinka inn til 60 kilometer i timen. Det gav 1.600 kroner i bot.