I juni gjekk kommunestyret i Vågå inn for å lånefinansiere 14 millionar kroner til medfinansiering av Statens vegvesen - Nasjonale turistvegar sitt ikonpunkt ved Gjende. Frå før hadde kommunestyret løyvd 2 millionar, slik at Vågå kommune sitt totale bidrag ville koma på 16 millionar kroner.
Nå har rådmann Ådne Bakke forhandla fram ei intensjonsavtale med turistvegprosjektet, der Vågå kommune kjem mykje rimelegare frå det enn det som tidlegare var førespegla.
– Resultatet er at Vågå kommune går inn med 6 millionar kroner utan ansvar for drift av VA-anlegg. Dette er ei god avtale for kommunen, sa Bakke da han orienterte formannskapet tysdag.
Rådmannen var spesielt nøgd med at kommunen nå slepp ansvaret med å byggje og drifte VA-anlegg ved Gjendeosen, noko som truleg ville ført til høgare kommunale avgifter.
Planane om eit ikonpunkt ved Gjendeosen er eit spleiselag der Statens vegvesen - Nasjonal turistveg tek størstedelen av kostnaden. Totalkostnaden for prosjektet er rekna til 109 millionar kroner.
Oppland fylkeskommune går inn med 23 millionar kroner, regionrådet og nabokommunane Lom, Sel og Øystre Slidre går inn med underkant av 2 millionar kroner.
Avtalen som er forhandla fram er ikkje signert enda, og skal opp i kommunestyret for godkjenning.