Torsdag ettermiddag klokka 15.08 fekk politiet melding om at sju utlendingar trengde hjelp etter å ha gått seg bort ved Glittertind i Jotunheimen. Det var dårleg sikt på staden, men turfylgjet var godt kledde og fjellvande.

Røde Kors sendte ut ein skipatrulje til området som vart oppgjeve. Patruljen var framme hjå turfylgjet rett etter klokka 19.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken ved 22-tida torsdag kveld opplyst at skipatruljen følgjer dei sju utlendingane ned til Spiterstulen.

– Dei er ikkje nede att enno, men vi ventar ein beskjed om dette når som helst, sa operasjonsleiaren til Fjuken rett etter klokka 22.