Mange legg i år ferien til Lom og Landsfestivalen i gammaldansmusikk som offisielt opnar onsdag kveld den 5. august.

Laurdag var dei fyrste gjestane på festivalcampen venta og stemnekontoret i Steinfjoset vart opna.

«Skillingsjef» Celi Kari Heggebotn som har ansvar for økonomi og stemnekontoret, er klar for å ta imot publikum og deltakarar på festivalen.

– Sjølve storinnrykket blir nok tysdag, seier Celi Kari Heggebotn. Festivalcampen har plass til 350 campingvogner.

Av dei cirka 400 friviljuge i dugnadsgjengen, blir 30 å finne på stemnekontoret. Her er det billettsal, innkvartering, akkreditering av presse, gjestar og dommarar, registrering for dei som skal delta i tevlingane og organisering av dugnadsfolket.

Over 900 deltakarar er påmeldt Landsfestivalen og festivalsjef Grete Sjurgard reknar med mellom to og to og eit halvt tusen publikummarar både fredag og laurdag under festivalen.

– Vi er bra i rute, seier Grete Sjurgard. Ho fortel at den siste veka har gått til rigging av arenaen. Det er sett opp eit 600 kvadratmeter stort mattelt med fullt kjøken i eine enden, det er bygd scener  i matteltet og hallen.

Onsdag 5. august er det offisiell opning av Landsfestivalen. Den er det Stortingspresident Olemic Thommesen som skal stå for.

Festivalsjefen fortel at Stortingspresidenten som er ein habil fiolinist, har fått lydfil og høyrer på opptak på YouTube for å lære leiken, og skal spela saman med Lom spelmannslag under opninga.

Med «sjøla» på ryggen er det ingen tvil om kven som er sjef. Festivalsjef Grete Sjurgard. Foto: ARVE DANIELSEN