For fjerde året på rad inviterer Hans Petter Bakke til «Ponderosa Downhill Bike Weekend» i Nordherad.

Her har Hans Petter og kameratar bygd sykkelløyper i den bratte skogen ned lia frå Tjønnflaten.

Hans Petter er kjent som ein habil frikøyrar på ski, men er også ein råtass på sykkel i bratt terreng.

– Her kan folk koma for å sykle og ha det artig, seier Hans Petter Bakke. Han ventar kring 40 personar med same interesse for ski og sykkel frå heile landet.

Gapahuken på Tjønnflaten er base for sykkeltreffet.

Ponderosa Downhill er ein sykkelklubb som vart stifta hausten 2012, for å fremme utforsykling.

I tillegg til løypa i Nordherad, byr sykkelfestivalen på løype i den gamle Jetta skitrekk, på stigar rundt Sundsteinen i Kveom og på stigar ved Skårsbrekka på Lalm.

Ein fast tradisjon under sykkelfestivalen er eit uoffisielt NM i rævkrok. Det skjer laurdag kveld.