Foreldre og andre føresette i Skjåk, Lom og Vågå blir, høvesvis 3., 4. og 11. november, inviterte til konferanse i regi av regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen.

Per Egil Mjaavatn vil snakke om meistring og fysisk aktivitet.

– Han kjem til å provosere og koma med fakta som forhåpentleg vil vekkje foreldra, seier lærar på Skjåk ungdomsskule, Jan Storkjørren. Storkjørren sit i regionrådets arbeidsgruppe som står bak foreldrekonferansen.

I tillegg kjem Helge Gudmundsen. Han vil prate om det å meistre utifrå eigne føresetnader, mobbing og menneskeverd. Han vil òg koma inn på omgrep som prestasjonsangst - og korleis ein skal skape prestasjonsglede. Gudmundsen har lang erfaring i arbeid med unge.

– Vi lærarar har høyrt desse foredraga før, seier Storkjørren - og det er så utruleg viktig at foreldra og føresette får høyre det same, slik at skule og heim forstår einannan enda betre.

Elevane på ungdomsskulane i Ottadalen får høyre foredraga på dagtid.