Skredfarevarselet for Jotunheimen frå varsom.no er klinkeklart.

I vurderinga skriv varsom. no vidare:

Størst bekymring er nå knytt til eit lag av kantkorn under skare og overflaterim observert mot slutten av påska som kan ha føyka ned. Fersk fokksnø vil kunne auke belastninga på kantkornlaget og gjera det lettare å løse ut skred i dette. I område der fokksnøflak kan ha lagt seg over det nye rimlaget i snøoverlata, vil det vera svært lett og løse ut skred i fokksnøen og skreda kan da bli middels store. Det er likevel usikkert om rimet observert i snøoverflata har føyka ned og blir eit nytt problem. Det eldre laget av overflaterim som snødde ned i mars og produserte nokre større skred i byrjinga av påska, har siste tida vist seg mindre aktivt. Det finst fortsatt, men ligg nå djupare under harde lag av fokksnø og skal mykje til å påverke.