Siste:
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
Massiv steinblokk på rv15:
Mann tiltala for seksuelt krenkande åtferd
Fv. 55 Sognefjellet er stengt
Grunna uvêr er Sognefjellet stengt for all trafikk. Berekna sluttid er 22.10.2023 kl. 12.00
Forsinka levering i Skjåk og Vågå
Denne veka var det utfordringar med levering av aviser torsdag i Skjåk og Vågå. Fleire abonnentar opplevde å ikkje få avisa før om kvelden i Skjåk, og omtrent 70 abonnentar fekk ikkje avisa i det heile teke i Vågå. Desse skal få avis i posten i dag er det lovd ut.
Trafikkulykke på Sognefjellet
Vest politidistrikt melde klokka 14.53 om ei alvorleg trafikkulykke på Sognefjellet.
Ein motorsykkel skal ha køyrt av vegen.
Det er to personar involvert. Ulykka framstår som alvorleg. Det er òg sendt ressursar frå Innlandet politidistrikt.
OPPDATERING:
Vest politidistrikt melder at ein person mista livet i ulykka. Den andre personen var skadd, men bevisst og oppegåande.
Pårørande til dei involverte er ikkje varsla, så politiet går førebels ikkje ut med informasjon om kjønn og alder.
Leiteaksjon på Dovre:
Stor steinblokk rasa ned på fv2614
Motorsykkelulykke fv55
Større område i Lom er sperra
Frå Lom kommune: Oppdatert status torsdag 10. august kl. 00.30:
Etter ny gjennomgang men NVE og politiet onsdag kveld, er det beslutta å sperre eit større område knytt til Øvre og Nedre Ulstad. Dette fører til at parkeringsplass vest for Coop Extra Lom (Kopen) Sognefjellsvegen 2 og ladestasjonane på Klokkargarden er stengd for ferdsel. Det blir trekt opp politisperreband.
Evakuering av bustader av Nedre og Øvre Ulstad blir oppretthalde.
Det vil bli gjort ny fagleg vurdering av geolog torsdag, og det vil bli brukt helikopter i arbeidet.
Kommunen vil legge ut ny informasjon fortløpande.
Trafikkulykke Tessand
Trafikkulykke i Skjåk
Brannvesen og ambulanse rykka ut til ei trafikkulykke i Skjåk torsdag ettermiddag.
To bilar kolliderte i krysset mellom riksveg 15 og fylkesveg 2652 Bråtåvegen ved Bruvoll, rett etter klokka 17.30.
Bil hamna på taket
Ein einsleg bil med éin person køyrde av vegen på fv51 ved Øvre Sjodalsvatnet i Vågå torsdag ettermiddag.
Føraren vart frakta til legevakt for sjekk.
E6 blir nattestengt frå måndag kveld
Mykje regn gjorde at asfaltarbeidet på E6 sør for Lillehammer ikkje vart ferdig før ferien som planlagt.
Måndag kveld 7. august startar Veidekke Industri sine mannskap opp att. Om alt går etter planen, og vêret held seg tørt, skal asfalten på heile E6-strekninga mellom Biri og Lillehammer vera ferdig lagt innan fredag morgon 18. august.
E6 blir nattestengt i denne perioden i tidsrommet 22.00-06.00 måndag til fredag.
Omkøyring når E6 er nattestengt, er via Biristrand på fylkesveg 2538. Modulvogntog må køyre fylkesveg 213 på andre sida av Mjøsa.
Det er Statens vegvesen som melder dette i ei pressemelding.
Traktorulykke på Lesja
Politiet i Innlandet melder onsdag ettermiddag at dei har fått melding om ei ulykke på Lesja, der ein person skal ha kome under ein traktor.
Politiet og helsevesenet har vore på staden.
– Personen som hadde kome under traktoren blir ivareteke av helsevesenet og blir køyrd til sjukehus. Ukjent skadegrad, opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt.
Politiet fekk melding om ulykka klokka 13.45.
Valdresflya: Bil av vegen
Funn av død person
Innlandet politidistrikt melder at det torsdag dag er gjort funn av en død person i nærleiken av Vålåsjøen rett over grensa til Sel kommune. Funnet blir sett i samanheng med ein sakna mann.
Mannen som vart meldt sakna er polsk statsborger. Han vart formelt meldt sakna av familie 4. juli, samstundes som han vart meldt sakna i Polen. Politiet sette da i gang etterforsking. Det framkom i dag ny informasjon som gjorde at søk vart iverksett, med bistand frå friviljuge organisasjonar.
Den avdøde vil rutinemessig bli obdusert, men det er ikkje mistanke at det har skjedd noko straffbart.
Dei pårørande av den sakna er orientert om funnet.
Omkom i sykkelulykke
Ein lokal mann i 70-åra omkom etter ei sykkelulykke på Dombås onsdag kveld. Vedkomande hamna i elva og vart observert av forbipasserande. Han vart plukka opp av luftambulansen og det vart sett i gang livreddande fyrstehjelp, men mannen vart erklært død på staden. Det opplyser politiet i Innlandet.
Fylkesordføraren har fått ny jobb
Innlandets fylkesordførar Even Aleksander Hagen blir statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet.
Hagen vart i 2015 valt som fylkesordførar i Oppland.
Even Aleksander Hagen kjem opphavleg frå Otta, men bur på Lillehammer.
Problem med sentralbordet
Det er redusert tilgjenge på telefonen til Vågå helsesenter i dag, tysdag, grunna problem med sentralbordet.
– Ventetida på telefonen er lang og de kan oppleve at samtale vert broten så de må difor berre prøve å ringe på nytt, opplyser Vågå kommune.
Om noko hastar; ring 113!