I fjor påviste Veterinærinstituttet for fyrste gong hundens dvergbendelmark hjå ein elg felt i Stor-Elvdal kommune i Innlandet.

Måndag 25. september starta elgjakta, og i desse dagar blir det sendt ut infomateriell til jegarar, særleg i Innlandet, rundt det fyrste funnet i Stor-Elvdal, med ei oppmoding om å vera på vakt og melde frå dersom ein oppdagar parasittblærer i lungar og lever.

Dette opplyser Veterinærinstituttet i ei pressemelding.

Hensikta med undersøkingane er å innhente meir kunnskap om parasittens utbreiing..

Funn av parasittblærene er meldepliktig til Mattilsynet.

– Merk at om du finn unormale forandringar i lungar eller lever under jakt, ta bilde og deretter kontakt med Mattilsynet for å diskutere funna. Mattilsynet avgjer deretter om materialet skal sendast til Veterinærinstituttet for vidare analysar. Om mogleg, ta vare på lungane og/eller lever som har påviste forandringar, oppmodar Veterinærinstituttet.

Parasitten kan smitte til hund dersom hundar får adgang til å eta rått slakteavfall med parasittblærer.

Hundar kan utvikle levande dvergbendelmark i tarmen og deretter skilje ut egg i miljøet.

Sjølv om parasittegg kan smitte også til menneske, finst det kun få smittetilfelle på verdsbasis. For å unngå smitte til menneske, er det tilrådd at hundar ikkje får adgang til rått slakteavfall.

– Dersom hunden likevel et slakteavfall, kan parasittbehandling vurderast i samråd med veterinær, opplyser Veterinærinstituttet.