Dei fleste har truleg sett annonsene på Facebook og Twitter; falske artiklar om kjende nordmenn som skal ha vorte styrtrike etter å ha investert i spesielle Bitcoin-program.

Fleire kjende nordmenn, som til dømes Erna Solberg, Jon Almaas og Petter Stordalen, har over tid vorte misbrukt i desse annonsene.

– I annonsene blir det lova raske pengar. Ettersom ein kan få inntrykk av at kjende nordmenn «går god for» slike type investeringar, er det dessverre somme som bit på. I dag vart det politimeldt ei slik sak hjå oss. Vi veit at også banken har fått meldingar om slike saker den siste tida, fortel politioverbetjent Rolv Mallaug ved lensmannskontoret i Lom.

– Så ottadølar har tapt pengar på slik svindel den siste tida?

– Ja, ottadølar har opplevd å få trekt pengar frå kontoane sine. Gje aldri opp personnummer, kontonummer eller anna privat informasjon på telefon eller epost, åtvarar Mallaug, som ber folk om å ta kontakt med politiet og banken så fort som råd dersom dei meiner dei er utsett for bedrageri og svindel.

Da er det viktig å få sperra bankkort og konto.

Det er fort gjort å la seg lure, og mange blir det.

Mallaug fortel at ein òg må tenkje seg om når det gjeld førehandsbetaling av varer som er bestilt på nettet.

– Fleire har opplevd å betale for varer dei aldri har fått tilsendt. Tenk deg godt om, oppmodar han.