Ei gravemaskin sette sist vinter spor etter seg i asfalten på fylkesveg 51 frå Randen til Fluguhaugen.

Transporten av gravemaskina kom ikkje opp bakkane ved Randen på vinterføre, og gravemaskina vart sett av og køyrde opp på eigne belte. Gravemaskina skulle opp til Tesseosen i samband med bygginga av ny dam.

Da snøen og isen i vår smelta, kom spora etter gravemaskina for ein dag. Ei strekning på 4,3 kilometer av fylkesvegen hadde fått synlege merker i asfalten. Belta på gravemaskinen hadde gått gjennom asfalten enkelte stader og ned i grusdekket under.

Fylkesveg 51 har i løpet av dei siste åra fått ny asfalt, og Statens vegvesen var lite glad for skaden som var oppstått.

Før helga var asfalten fresa ned og måndag byrja arbeidet med å leggje ny asfalt på strekninga.

Byggjeleiar Kjell Eide i Statens vegvesen fortel at det er fresa ned 3-4 centimeter av asfalten, før det blir lagt ny asfalt.

Entreprenøren som køyrde gravemaskina tok på seg skulda for skaden, og må betale for kostnaden med å reparere vegen. I følgje Eide er det forsikringsselskapet til entreprenøren som betaler arbeidet. Det kostar mellom 2,5 og 3 millionar kroner å frese vegen og leggje ny asfalt.

Slik såg vegen ut etter at gravemaskina hadde køyrd på belta.