Dette har skjedd også etter at bandtvang er innført frå 1. april.– Vi hadde fleire episodar i fjor, og har hatt fleire episodar så langt i år, både før og etter bandtvangen. Slik kan vi ikkje ha det. Viltet går nå på «sparebluss» og skal byggje opp att energien etter ein lang vinter. Kalvingstida nærmar seg, og det å bli jaga av ein laushund kan bli fatalt. Viltet er svært sårbare denne tida, dei må få fred og ro og sleppe å ha laushundar i hælane i timevis, seier Eilev Helleveen, leiar i Lom vilt- og innlandsfiskenemnd. Han legg til at hundeigarar sjølvsagt ikkje let hundane jage vilt med vilje og at uhell kan skje. Somme gonger rømmer dei. – Men etter hundelova pliktar ein å halde tilsyn med hunden sin, slik at han ikkje kan jage vilt på eiga hand. Dersom det skjer fleire episodar framover, vil vilt- og innlandsfiskenemnda melde dette til politiet, seier Eilev Hellekveen.