Om under ein månad går UKM for Nord-Gudbrandsdalen av stabelen i Otta kulturhus.

Fredag denne veka gjekk fristen ut for å melde seg på.

181 ungdomar frå kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja var påmeldt til årets UKM da fristen var ute. Dette er ein del færre enn deltakartalet dei siste åra. I fjor var til dømes over 300 deltakarar påmeldt den populære kulturmønstringa som frå og med i år har skifta namn til «Ung Kultur Møtes».

Deltakarlista for årets UKM viser at det også denne gongen blir varierte framsyningar i Otta kulturhus fredag 12. og laurdag 13. februar, med alt frå dans og musikk, til film og teater på programmet.

UKM for Nord-Gudbrandsdalen er ei av dei største mønstringane på landsbasis når det gjeld UKM.