Når tre markerte solospelmenn går saman og inviterer til konsert, skapar det forventning. Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi innfridde og vel så det da dei lanserte plata «Atterljomen» og notehefte i Utgard onsdag kveld.

– Overveldande, sa Aslak Brimi om oppslutninga av publikum i Utgard. Det same kan ein seie om konserten. Imponerande! Konserten var som eit ekko av musikken etter spelemannen og komponisten Sjugurd Garmo (1896-1991). Eller «Atterljom».

«Hadde det ikkje vore for døkk, kunne eg stappa leikj'in mine ni baklumma», sa Sjugurd Garmo ein gong under ei samling i Lom spelmannslag.

Nå har Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde samla alt Sjugurd Garmo har laga. Ei imponerande mengde av 50 slåttar er samla i eit notehefte. Saman med Astrid Sulheim framførte dei ei knippe av desse leikene.

Trioen Sulheim, Odde og Brimi imponerte i både samspel og solo. Det er ikkje utan grunn at dei er blant dei fremste folkemusikarane våre, ikkje berre i Lom - men heile landet.

Gjennom ord og musikk vart musikken etter Sjugurd Garmo presentert for eit lydhøyrt publikum.

Sjugurd Garmo henta inspirasjon og namn til leikene frå naturen. Den mest kjende av leikene til Sjugurd Garmo er lyarslåtten «Hestleitar'n». Leiken vart til under leiting etter hestar i Smådalen.

Denne slåtten var ei av dei mange perlene etter Sjugurd Garmo som vart spela under konserten.

Det flotte arrangementet for tre feler var gjort av Bjørn Kåre Odde, der Astrid spela fyrstestemme på fyrste veket, Bjørn Kåre på andre og Aslak på tredje veket.

Blant dei mange tilhøyrarane var mange av etterkommarane etter Sjugurd Garmo. Sigrun Garmo takka dei tre spelmennene for at dei fører musikkarven etter bestefaren vidare.

Som eit døme på at rekrutteringa til å ta vare på musikken etter Sjugurd Garmo er i dei beste hender, opna Lom juniorspelmannslag konserten.

Etter lanseringa i heimbygda skal Sulheim, Odde og Brimi ut på turné med ti konsertar. Torsdag ventar Riksscenen i Oslo. Vidare skal dei til Utne, Jostedal, Vik i Sogn, Bergen, Voss, Oppdal, Røros, Trondheim og folkemusikkveka i Ål i Hallingdal.