Vallokala i Skjåk og i Vågå var opne sundag ettermiddag. I Lom lyt du vente til valdagen for å røyste - om du ikkje har førehandsrøysta.

I vallokalet i Bismo var det tendenser til kø sundag, mange har nytta fridagen til å gjera borgarplikta.

Kven som skal styre dei tre ottadalskommunane kan bli klart allereie i morgon kveld, men resultatet kan bli så jamnt at det lyt forhadlingar til, iallfall i Vågå og Lom. I Skjåk er det berre to lister, den med fleirtal får makta.

Også kyrkjevalet ser ut til å interessere i år. Her er det særleg spørsmålet om ekteskap mellom likekjønna som er avgjerande, og medlemar av kyrkja kan velja mellom listene «mangfaldig folkekyrkje» og «open folkekyrkje». Det er sistnemnde liste som vil opne for at likekjønna kan vigslast i kyrkja.