Kvart år blir det gjennomført nærare to millionar periodiske køyretykontrollar, også kalla EU-kontroll, i landet, inkludert etterkontrollar.

Måndag 8. juni fekk Statens vegvesen nytt register for desse kontrollane. Den nye kontrollinstruksen for gjennomføring av kontrollane har same inndeling av kontrollpunkta som EU-direktivet kontrollane bygger på. Dette gjer dei enkelte kontrollpunkta meir spesifikke og kan gjere det enklare å samanlikne kontrollane mellom medlemslanda. Dei nye reglane medfører ein del endringar for deg som skal levere bilen til EU-kontroll.

På bilverkstaden Steinar Skaansar & Sønn AS i Lom har dei vore klare i fleire veker for å ta i mot dei nye reglane for gjennomføring av EU-kontroll. Dagleg leiar Ole Ivar Skaansar fortel at den nye EU-kontrollen blir mykje meir omfattande enn dagens kontroll.

– Totalt inneheld den nye kontrollinstruksen 162 kontrollpunkt i motsetnad til 85 punkt i dagens kontroll, fortel Skaansar.

Ein del kontrollpunkt er nye, men det auka talet skuldast i hovudsak at tidlegare kontrollpunkt er splitta opp i fleire sjølvstendige punkt. I hovudsak dreier dei nye punkta seg om bremser, forstilling, rust og utslepp. Sjølve kontrollseddelen får nå ny utforming. Den vil ikkje lenger vise deg alle punkta slik som før, men berre dei punkta der det er funne feil eller manglar.

Nye punkt er mellom anna kontroll av ladekabel på elbilar, og om det er refleksvest i bilen. Manglar du vest, blir det rekna som ein mindre mangel og vil ikkje aleine hindre bilen i å bli EU-godkjent. Ved alvorlege feil blir det høve til å gjeva bruksforbod i fleire tilfelle enn tidlegare.

Som tidlegare kan du bli valt ut til ein stikkprøvekontroll der Statens vegvesen undersøker at resultatet av kontrollen er korrekt. Denne kontrollen vil nå oftare bli teke hjå kontrollorganet. Blir bilen din valt ut, må bilen bli ståande til stikkprøva er gjennomført. Dette vil ta mellom ein halvtime og ein time.

Ole Ivar Skaansar på Steinar Skaansar & Sønn AS vil ikkje uttale seg om kva han tykkjer om at EU-kontrollen nå blir meir omfattande enn tidlegare.

– Eg tykkjer EU-kontrollen har fungert greitt slik den har vore til nå, men skjønar at ein nå vil standardisere kontrollen i fleire land. Men eg vil ikkje uttale meg om den nye kontrollen før vi har erfaring med den, seier Skaansar.

Som fylgje av dei nye reglane vil det bli dyrare for kunden å få EU-kontrollen utført.

– Ein meir omfattande EU-kontroll vil sjølvsagt ta lengre tid å gjennomføre, og da må det også bli dyrare, seier Ole Ivar Skaansar.