Skigruppa i Skjåk IL har i år teke oppatt det tradisjonsrike turrennet «Åsen Rundt» med start og målgang på skistadion i Botn. Det er 15-16 år sidan rennet som vart arrangert for fyrste gong på slutten av 1970-talet sist vart arrangert.

Ni løparar stilte til start i konkurransen sundag.

Fyrst i mål etter å ha lagt bak seg den 22 kilometer lange runden, vart Mathias Slettede på tida 1.20.55. Berre rundt minuttet seinare kom Arild Skriden over målstreken på tida 1.22.07. Tredjeplassen stakk Kjell Rune Kjørren av med på tida 1.25.53.

Rekorden på det tradisjonsrike rennet skal visstnok vere éin time og ni minutt.

Sjå resten av resultata, og les meir frå «Åsen Rundt» i papiravisa torsdag.